16 Den som undertrykkjer fattige for sjølv å bli rik,og den som gjev gåver til rike,lid berre tap.
17 Legg øyret til og høyr orda frå dei vise,legg deg på hjartet den kunnskapen eg gjev.
18 Det er godt å ta vare på dei i sitt indreog alltid ha dei på leppene.
19 For deg kunngjer eg dei i dag,så du kan setja di lit til Herren.
20 Ja, eg har skrive opp tretti ordtak for degmed kloke råd
21 for å læra deg sanne og pålitelege ord,så du kan gje pålitelege svar til dei som har sendt deg.
22 Ran ikkje den fattige fordi han er fattig,knus ikkje den hjelpelause i retten!