17 Legg øyret til og høyr orda frå dei vise,legg deg på hjartet den kunnskapen eg gjev.
18 Det er godt å ta vare på dei i sitt indreog alltid ha dei på leppene.
19 For deg kunngjer eg dei i dag,så du kan setja di lit til Herren.
20 Ja, eg har skrive opp tretti ordtak for degmed kloke råd
21 for å læra deg sanne og pålitelege ord,så du kan gje pålitelege svar til dei som har sendt deg.
22 Ran ikkje den fattige fordi han er fattig,knus ikkje den hjelpelause i retten!
23 For Herren vil føra saka for deiog røva livet frå røvarane.