3 Den kløktige ser ulukka koma og gøymer seg,dei vitlause går på og får si straff.
4 Å vera audmjuk og frykta Herrengjev rikdom, ære og liv.
5 På vegen dei svikefulle går, er tornar og snarer,den som vil ta vare på livet, held seg borte frå dei.
6 Lær den unge vegen han skal gå,så vik han ikkje av når han blir gammal.
7 Den rike er herre over dei fattige,den som låner, blir slave under långjevaren.
8 Den som sår urett, haustar vondskap,riset han bruker i sinne, blir øydelagt.
9 Den som har auge for å gjera godt, blir velsigna,for han deler sitt brød med den fattige.