8 Den som sår urett, haustar vondskap,riset han bruker i sinne, blir øydelagt.
9 Den som har auge for å gjera godt, blir velsigna,for han deler sitt brød med den fattige.
10 Jag spottaren ut, så går krangelen med,strid og skam får ein ende.
11 Den som elskar eit reint hjarteog har milde ord på leppene,får kongen til ven.
12 Herrens auge vaker over kunnskapen,men svikarens ord gjer han til inkjes.
13 Den late seier: «Det er ei løve der ute,eg kunne bli drepen midt på torget!»
14 Munnen til framand kvinne er ei djup grav,den Herren er harm på, fell nedi.