15 Ligg ikkje på lur som ein urettferdigder den rettferdige bur,legg ikkje heimen hans øyde!
16 Sju gonger kan den rettferdige fallaog reisa seg att,men dei urettferdige snublar i det som er vondt.
17 Gled deg ikkje når fienden din fell,hjartet skal ikkje jubla når han snublar.
18 Då vil Herren sjå på det med uviljeog venda vreiden sin bort frå han.
19 Ver ikkje harm på dei som gjer vondt,og misunn ikkje dei lovlause!
20 For dei vonde har inga framtid,lampa til dei urettferdige sloknar.
21 Frykt Herren og kongen, son min!Slå deg ikkje saman med dei som vil forandra.