20 For dei vonde har inga framtid,lampa til dei urettferdige sloknar.
21 Frykt Herren og kongen, son min!Slå deg ikkje saman med dei som vil forandra.
22 For brått kan ulukka ramma dei.Kven veit kva slag øydelegging dei to kan senda?
23 Dette òg er ord av dei vise:Det er gale å gjera skilnad på folk i retten.
24 Seier nokon til ein skuldig:«Du er uskuldig»,vil folk forbanna hanog folkeslag fordømma han.
25 Men dei som dømmer rett, går det vel,lukke og velsigning kjem over dei.
26 Eit ærleg svarer eit kyss på leppene.