27 Fullfør arbeidet ute,gjer deg ferdig på åkeren,så kan du byggja deg hus.
28 Ver ikkje utan grunn vitne mot nesten din,så du svik han med leppene dine.
29 Sei ikkje: «Som han har gjort mot meg,slik vil eg gjera mot han;eg vil gje han att etter det han har gjort.»
30 Eg gjekk forbi ein lat manns åker,langs vinmarka til eit menneske utan forstand.
31 Sjå, der var det fullt av nesler,grunnen var overgrodd med tistlar,og steingjerdet var nedrive.
32 Eg la merke til dette og la meg det på hjartet,eg tok lærdom av det eg såg.
33 «Litt søvn, litt kvilemed hendene i fanget,