5 Ein mann som er vis, har styrke,den som har kunnskap, er full av kraft.
6 Legg planar før du fører krig,når mange gjev råd, vinn du siger.
7 Visdomen heng for høgt for den dumme,i byporten opnar han ikkje sin munn.
8 Den som legg vonde planar,blir kalla renkesmed.
9 Påfunna til den dumme er synd,spottaren møter avsky blant folk.
10 Mistar du motet på den dagen du er i naud,har du òg mista din styrke.
11 Berg dei som blir førte til døden,hald att dei som vaklar mot rettarstaden!