8 Den som legg vonde planar,blir kalla renkesmed.
9 Påfunna til den dumme er synd,spottaren møter avsky blant folk.
10 Mistar du motet på den dagen du er i naud,har du òg mista din styrke.
11 Berg dei som blir førte til døden,hald att dei som vaklar mot rettarstaden!
12 Seier du: «Vi visste det ikkje»,så ser han det, han som prøver hjarta.Han som vaktar livet ditt, veit detog gjev kvar og ein att etter det han har gjort.
13 Et honning, son min, for den er god,flytande honning er søt for ganen.
14 Og vit at slik er visdomen for sjela.Finn du den, har du ei framtid,ditt håp er ikkje ute.