1 Dette er òg ordtak frå Salomo. Dei er overleverte frå mennene til Juda-kongen Hiskia.
2 Det er Guds ære å skjula ei sak,men kongars ære å granska henne.
3 Himmelhøgd og jordedjupog kongars hjarte kan ingen granska.
4 Skil slagget frå sølvet,så kan sølvsmeden laga ei skål.
5 Før den urettferdige bort frå kongen,så skal trona hans tryggjast ved rettferd.