2 Det er Guds ære å skjula ei sak,men kongars ære å granska henne.
3 Himmelhøgd og jordedjupog kongars hjarte kan ingen granska.
4 Skil slagget frå sølvet,så kan sølvsmeden laga ei skål.
5 Før den urettferdige bort frå kongen,så skal trona hans tryggjast ved rettferd.
6 Du skal ikkje framheva deg sjølv når kongen ser på,stig ikkje fram på plassen til dei store!
7 For det er betre at dei seier til deg:«Kom og set deg her oppe!»enn at dei flytter deg ned på grunn av ein stormann.Kva du så ser med eigne auge,
8 ver ikkje for snar til å reisa sak.For kva vil du gjera til sistnår nesten din fører skam over deg?