20 Som å kasta kappa ein vinterdag,som å slå eddik på sårer det å syngja for eit sorgfullt hjarte.
21 Er fienden din svolten, så lat han få mat,er han tørst, så gjev han vatn å drikka.
22 Då samlar du glødande kol på hovudet hans,og Herren skal løna deg.
23 Nordavinden føder regn,baktale føder sinte andlet.
24 Betre å bu i ein krok på taketenn å dela hus med trettekjær kvinne.
25 Kaldt vatn for den som er sliten,slik er godt nytt frå framandt land.
26 Ei grumsete kjelde, ein utskjemd brønner ein rettferdig som gjev etter for ein urettferdig.