1 Som snø om sommaren og regn i innhaustinga,så lite høver ære for dåren.
2 Lik sporv og svale som flaksar og flyg,er grunnlaus forbanning, ho råkar ikkje.
3 Svepe til hesten, taum til eseletog ris til ryggen på dårar!
4 Svar ikkje dåren like dumt som han spør,elles blir du sjølv som han.
5 Svar dåren like dumt som han spør,så han ikkje blir vis i eigne auge.
6 Den som sender bod med ein dåre,høgg føtene av seg og drikk vald.
7 Slappe heng føtene på den lammeog ordtak i munnen på dårar.