11 Lik hunden som snur seg til sitt eige spy,er ein dåre som tek opp att sin dårskap.
12 Ser du ein mann som er vis i eigne auge?Det er større håp for dåren enn for han.
13 Den late seier:«Det er eit villdyr på vegen,ei løve på torget!»
14 Døra svingar på gjenga,den late snur seg i senga.
15 Den late stikk handa i fatet,men gidd ikkje ta henne til munnen.
16 Den late er visare i eigne augeenn sju som gjev kloke svar.
17 Lik ein som tek tak i øyra på ein hund,er den som kjem forbiog ryk opp i sinne for ei trettesom ikkje kjem han ved.