1 Pris deg ikkje lukkeleg over morgondagen,for du veit ikkje kva han ber i sitt fang.
2 Ein annan skal prisa deg lukkeleg, ikkje din eigen munn,ein framand, ikkje dine eigne lepper.
3 Steinen er tung, og sand veg mykje,men ein dum som er sint, er tyngre enn begge.
4 Harmen er grufull, vreiden er ein flaum,men kven kan stå seg mot sjalusi?
5 Betre er open kritikk enn skjult sympati.
6 Sår frå ein ven er til å lita på,men fiendens kyss er svikefulle.