11 Bli vis, son min, og gled mitt hjarte,så eg kan svara dei som håner meg.
12 Den kløktige ser ulukka koma og gøymer seg,dei vitlause går på og får si straff.
13 Ta kleda frå den som har kausjonert for ein framand,ta pant i dei for dei ukjende!
14 Når nokon velsignar sin nestemed høg røyst tidleg om morgonen,er det å rekna som ei forbanning.
15 Som stadig takdrop ein regnvêrsdag,slik er ei trettekjær kvinne.
16 Å gøyma henne er som å gøyma vindeneller å gripa olje med handa.
17 Jern kvesser jern,og det eine mennesket kvesser det andre.