18 Den som passar på fikentreet, får eta frukta;den som tek vare på herren sin, vinn ære.
19 Som andlet speglar seg mot andlet i vatnet,finn det eine menneske sitt hjarte att hos det andre.
20 Dødsrike og avgrunn blir aldri mette,og menneskeauga får aldri nok.
21 Sølv prøver ein i digelenog gull i smelteomnen,og mannen når han får ros.
22 Støyter du den dumme i mortarenog knuser han saman med kornet,går dumskapen likevel ikkje av han.
23 Merk deg korleis sauene ser ut,syt vel for buskapen din!
24 For rikdom varer ikkje evig.Går eit diadem frå slekt til slekt?