4 Harmen er grufull, vreiden er ein flaum,men kven kan stå seg mot sjalusi?
5 Betre er open kritikk enn skjult sympati.
6 Sår frå ein ven er til å lita på,men fiendens kyss er svikefulle.
7 Den mette vrakar den finaste honning,alt beiskt smakar søtt for den svoltne.
8 Lik ein fugl som flyg frå reiret,er ein mann som flyg frå heimen.
9 Olje og røykjelse gleder hjartet,god venskap styrkjer sjela.
10 Gjev ikkje slepp på din venog på venen til far din;gå ikkje heim til ein brorpå ulukkedagen din.Betre med ein nær granneenn ein bror langt borte.