14 Sæl er den som alltid fryktar,men den som gjer hjartet hardt, fell i ulukke.
15 Som brølande løve og slagbjørn i spranger ein urettferdig herskar for eit fattig folk.
16 Ein uforstandig fyrsteaukar undertrykkinga;den som hatar urett vinning,får leva lenge.
17 Den som er tyngd av blodskuld,er på flukt heilt til grava,ingen må hjelpa han.
18 Den som er heil i si ferd, blir berga,men den som går krokvegar, fell i grava.
19 Den som dyrkar si jord, kan eta seg mett,den som jagar etter fåfengde ting, skal mettast med fattigdom.
20 Den trufaste får stor velsigning,den som vil bli rik i ein fart, skal få si straff.