18 Den som er heil i si ferd, blir berga,men den som går krokvegar, fell i grava.
19 Den som dyrkar si jord, kan eta seg mett,den som jagar etter fåfengde ting, skal mettast med fattigdom.
20 Den trufaste får stor velsigning,den som vil bli rik i ein fart, skal få si straff.
21 Det er gale å gjera skilnad på folk,ein kan gjera seg til brotsmann for ein brødbit.
22 Den gjerrige har det travelt med å vinna rikdom,han skjønar ikkjeat han kjem til å lida naud.
23 Den som viser nokon til rette,får sidan større takkenn den som har ei glatt tunge.
24 Den som plyndrar far sin og mor siog seier: «Det er ikkje synd»,han er jamgod med øydeleggjaren.