22 Den gjerrige har det travelt med å vinna rikdom,han skjønar ikkjeat han kjem til å lida naud.
23 Den som viser nokon til rette,får sidan større takkenn den som har ei glatt tunge.
24 Den som plyndrar far sin og mor siog seier: «Det er ikkje synd»,han er jamgod med øydeleggjaren.
25 Den grådige valdar trette,den som stolar på Herren, blir mett.
26 Den som stolar på sitt eige vit, er ein dåre,den som ferdast med visdom, bergar seg.
27 Den som gjev til dei fattige, lid aldri naud,men den som vender auga bort,blir forbanna av mange.
28 Når dei urettferdige får makt, held folk seg borte,når dei går til grunne, blir dei rettferdige mange.