4 Dei som går bort frå lova, prisar den urettferdige,dei som held lova, går til strid imot dei.
5 Dei vonde skjønar ikkje kva som er rett,men dei som søkjer Herren, skjønar alt.
6 Betre å vera fattig og heil i si ferdenn å vera rik og gå krokvegar.
7 Den som held seg etter lova, er ein klok son;den som held lag med fråtsarar, fører skam over far sin.
8 Den som aukar sin rikdom ved rente og avgift,samlar til den som tek seg av dei fattige.
9 Når nokon vender øyret bortog ikkje vil høyra på lova,blir sjølv bøna hans avskyeleg.
10 Den som fører dei rettskafne på vonde vegar,han fell i si eiga grav,men den som er heil, får ein god arv.