6 Betre å vera fattig og heil i si ferdenn å vera rik og gå krokvegar.
7 Den som held seg etter lova, er ein klok son;den som held lag med fråtsarar, fører skam over far sin.
8 Den som aukar sin rikdom ved rente og avgift,samlar til den som tek seg av dei fattige.
9 Når nokon vender øyret bortog ikkje vil høyra på lova,blir sjølv bøna hans avskyeleg.
10 Den som fører dei rettskafne på vonde vegar,han fell i si eiga grav,men den som er heil, får ein god arv.
11 Den rike er vis i eigne auge,ein fattig med innsikt ser kva som bur i han.
12 Når dei rettferdige jublar,er det herlegdom og glans;når dei urettferdige får makt,held folk seg borte.