9 Når nokon vender øyret bortog ikkje vil høyra på lova,blir sjølv bøna hans avskyeleg.
10 Den som fører dei rettskafne på vonde vegar,han fell i si eiga grav,men den som er heil, får ein god arv.
11 Den rike er vis i eigne auge,ein fattig med innsikt ser kva som bur i han.
12 Når dei rettferdige jublar,er det herlegdom og glans;når dei urettferdige får makt,held folk seg borte.
13 Den som skjuler syndene sine,skal ikkje lukkast;den som vedkjenner og vender seg frå dei,han finn miskunn.
14 Sæl er den som alltid fryktar,men den som gjer hjartet hardt, fell i ulukke.
15 Som brølande løve og slagbjørn i spranger ein urettferdig herskar for eit fattig folk.