1 Den som ofte blir tala til rette og endå er stivnakka,blir brått knust og kan ikkje lækjast.
2 Når dei rettferdige blir mange, gleder folket seg,når ein urettferdig herskar, sukkar folket.
3 Den som elskar visdom, gleder far sin,den som held lag med horer, øyder det han eig.
4 Ein konge byggjer opp landet med rett,ein som lèt seg kjøpa med gåver, legg det i øyde.
5 Den som smiskar for nesten sin,set eit garn for føtene hans.
6 Synda blir ei snare for den som er vond,men den rettferdige kan jubla og gleda seg.
7 Den rettferdige kjenner saka til dei fattige,men den urettferdige er utan innsikt.