4 Ein konge byggjer opp landet med rett,ein som lèt seg kjøpa med gåver, legg det i øyde.
5 Den som smiskar for nesten sin,set eit garn for føtene hans.
6 Synda blir ei snare for den som er vond,men den rettferdige kan jubla og gleda seg.
7 Den rettferdige kjenner saka til dei fattige,men den urettferdige er utan innsikt.
8 Spottarar hissar opp heile byen,dei vise får vreiden til å leggja seg.
9 Når den vise har sak mot den dumme,blir det sinne eller latter, men inga ro.
10 Dei blodtørste hatar den som er from,men dei rettskafne vil berga livet hans.