6 Synda blir ei snare for den som er vond,men den rettferdige kan jubla og gleda seg.
7 Den rettferdige kjenner saka til dei fattige,men den urettferdige er utan innsikt.
8 Spottarar hissar opp heile byen,dei vise får vreiden til å leggja seg.
9 Når den vise har sak mot den dumme,blir det sinne eller latter, men inga ro.
10 Dei blodtørste hatar den som er from,men dei rettskafne vil berga livet hans.
11 Ein dåre slepper alle sine kjensler ut,den vise held dei att.
12 Ein herskar som høyrer på løgn,får berre kjeltringar til tenarar.