9 Når den vise har sak mot den dumme,blir det sinne eller latter, men inga ro.
10 Dei blodtørste hatar den som er from,men dei rettskafne vil berga livet hans.
11 Ein dåre slepper alle sine kjensler ut,den vise held dei att.
12 Ein herskar som høyrer på løgn,får berre kjeltringar til tenarar.
13 Fattig og undertrykkjar møtest, Herren gjev begge lys i auga.
14 Når ein konge dømmer dei fattige rettferdig,står trona hans fast for alltid.
15 Ris og tilrettevising gjev visdom,men ein gut med frie taumar fører skam over mor si.