17 På vegane hennar er det herleg å fara,alle hennar stigar fører til fred.
18 Eit livsens tre er ho for dei som held fast ved henne,lukkelege er dei som støttar seg til henne.
19 Med visdom grunnla Herren jorda,han grunnfeste himmelen med forstand.
20 Ved kunnskapen hans vart djupa opna,og skyene lét dogg drypa.
21 Son min, ta vare på klokskap og omtanke,slepp dei ikkje av syne!
22 Dei skal vera til liv for deg,ei vakker kjede om halsen.
23 Då kan du vandra trygt på din vegog ikkje støyta foten mot noko.