20 Ved kunnskapen hans vart djupa opna,og skyene lét dogg drypa.
21 Son min, ta vare på klokskap og omtanke,slepp dei ikkje av syne!
22 Dei skal vera til liv for deg,ei vakker kjede om halsen.
23 Då kan du vandra trygt på din vegog ikkje støyta foten mot noko.
24 Du er ikkje redd når du går til ro,og når du har lagt deg, søv du så godt.
25 Du blir ikkje redd for uventa farenår øydelegginga kjem for dei urettferdige.
26 For Herren skal vera ved di side,han skal vakta foten din for snara.