25 Du blir ikkje redd for uventa farenår øydelegginga kjem for dei urettferdige.
26 For Herren skal vera ved di side,han skal vakta foten din for snara.
27 Når det står i di makt å gjera det gode,skal du ikkje halda det tilbakefrå den som har rett på det.
28 Om du har noko, sei ikkje då til din neste:«Kom att, i morgon skal du få!»
29 Legg ikkje vonde planar mot din neste,som trur det er trygt å vera grannen din.
30 Trett ikkje med nokon utan grunnnår han ikkje har gjort deg vondt.
31 Misunn ikkje ein valdsmann!Hans vegar må du aldri velja.