28 Om du har noko, sei ikkje då til din neste:«Kom att, i morgon skal du få!»
29 Legg ikkje vonde planar mot din neste,som trur det er trygt å vera grannen din.
30 Trett ikkje med nokon utan grunnnår han ikkje har gjort deg vondt.
31 Misunn ikkje ein valdsmann!Hans vegar må du aldri velja.
32 For Herren avskyr den som er falsk,men talar fortruleg med dei rettskafne.
33 Herren forbannar huset til dei urettferdige,men heimen til dei rettferdige velsignar han.
34 Spottarar svarar han med spott,men dei audmjuke gjev han nåde.