3 Lat aldri godleik og truskap fara!Bind dei om halsen,skriv dei på hjartetavla!
4 Då får Gud og menneske velvilje for degog ser ditt gode vit.
5 Lit på Herren av heile ditt hjarte,støtt deg ikkje på eiga innsikt.
6 Ha han i tankar kvar du ferdast,så gjer han stigane dine jamne.
7 Ver ikkje vis i eigne auge,frykt Herren og vend deg bort frå det vonde!
8 Det blir til helse for kroppen,ein styrkedrikk for merg og bein.
9 Æra Herren med det du eig,med førstegrøda av all di avling.