11 Det finst ei slekt som forbannar far sinog ikkje velsignar mor si,
12 ei slekt som er rein i eigne auge,men ikkje har vaska skiten av seg,
13 ei slekt med så stolte augeog lyfte augnebryn,
14 ei slekt med tenner som sverdog gap som knivar,dei vil eta dei hjelpelause ut av landetog dei fattige ut av folket.
15 Blodiglen har to døtrer: «Gjev» og «Gjev».Det finst tre som ikkje blir mette,fire som aldri seier «det er nok»:
16 dødsriket og det lukka morslivet,jorda, som alltid tørstar etter vatn,og elden, som aldri seier: «Det er nok.»
17 Eit auge som spottar far sinog nektar å lyda mor si,det skal ramnane ved bekken hakka utog ørnungane eta opp.