15 Blodiglen har to døtrer: «Gjev» og «Gjev».Det finst tre som ikkje blir mette,fire som aldri seier «det er nok»:
16 dødsriket og det lukka morslivet,jorda, som alltid tørstar etter vatn,og elden, som aldri seier: «Det er nok.»
17 Eit auge som spottar far sinog nektar å lyda mor si,det skal ramnane ved bekken hakka utog ørnungane eta opp.
18 Tre ting er for underfulle for meg,og fire skjønar eg ikkje:
19 ørns veg over himmelen,orms veg over berget,skips veg over havetog manns veg til ei ung kvinne.
20 Slik gjer ei utru kvinne:Ho et og tørkar seg om munnenog seier: «Eg har ikkje gjort noko gale.»
21 Tre ting får jorda til å skjelva,og fire kan ho ikkje tola: