2 Eg er dummare enn andre menn,eg har ikkje forstand som eit menneske.
3 Eg har ikkje lært visdomså eg kunne få del i kunnskapen til dei heilage.
4 Kven steig opp til himmelenog steig ned att?Kven samla vinden i si hole hand?Kven lukka vatnet inne i kappa si?Kven fastsette alle grensene for jorda?Kva heiter han, og kva heiter son hans?Veit du det?
5 Kvart ord frå Gud er reinsa.Han er eit skjold for deisom tek si tilflukt til han.
6 Legg ikkje noko til hans ord,elles går han i rette med degog du står der som løgnar.
7 To ting vil eg be deg om,nekt meg dei ikkje så lenge eg lever:
8 Hald løgn og svik langt borte frå meg!Gjer meg korkje fattig eller rik,men lat meg få den maten eg treng!