6 Legg ikkje noko til hans ord,elles går han i rette med degog du står der som løgnar.
7 To ting vil eg be deg om,nekt meg dei ikkje så lenge eg lever:
8 Hald løgn og svik langt borte frå meg!Gjer meg korkje fattig eller rik,men lat meg få den maten eg treng!
9 Elles kunne eg bli så mettat eg fornekta deg og spurde:«Kven er Herren?»eller bli så fattig at eg stalog krenkte namnet til min Gud.
10 Baktal ikkje ein slave for herren hans,elles vil han forbanna deg,og du må bøta for di skuld.
11 Det finst ei slekt som forbannar far sinog ikkje velsignar mor si,
12 ei slekt som er rein i eigne auge,men ikkje har vaska skiten av seg,