1 Ord frå kong Lemuel, lærdom mor hans gav han.
2 Min son,du son som eg bar,min lovnads-son:
3 Gjev ikkje di kraft til kvinner,ditt liv til det som øydelegg kongar.
4 Det sømer seg ikkje for kongar, Lemuel,det sømer seg ikkje for kongar å drikka vineller for fyrstar å trå etter sterk drikk.
5 Då vil dei drikka og gløyma lovbodaog fordreia retten for alle undertrykte.
6 Men gjev sterk drikk til den som går til grunne,og vin til den som er bitter til sinns.
7 Lat han drikka og gløyma sin fattigdomså han ikkje meir hugsar si naud.