7 Lat han drikka og gløyma sin fattigdomså han ikkje meir hugsar si naud.
8 Lat opp din munn for den som ikkje sjølv kan tala,før saka for dei som held på å bukka under.
9 Lat opp din munn og døm rettferdig,lat hjelpelause og fattige få sin rett!Alef א
10 Ei dugande kone, kven finn vel henne?Langt meir enn perler er ho verd. Bet ב
11 Mannen lit på henne i sitt hjarte,og vinning manglar han ikkje. Gimel ג
12 Ho gjer berre godt mot han,ikkje noko vondt så lenge ho lever. Dalet ד
13 Ho skaffar seg ull og lin,hendene arbeider med liv og lyst. He ה