11 Visdoms veg lærer eg degog fører deg på dei rette stigar.
12 Når du går, skal ingenting hindra foten,når du spring, skal du aldri snubla.
13 Hald fast ved formaninga, slepp henne ikkje,ta vare på henne, for ho er ditt liv.
14 På stigen åt urettferdige må du ikkje gå inn,følg ikkje vegen dei vonde går!
15 Sky han og hald deg unna,vend deg frå han og gå utanom!
16 Dei urettferdige får ikkje sovaom dei ikkje har gjort noko vondt.Har dei ikkje ført nokon til fall,blir dei liggjande søvnlause.
17 Urett er brødet dei et,vald er vinen dei drikk.