8 Set henne høgt, så lyfter ho deg.Ta henne i famn, så gjev ho deg ære.
9 Ho set ein vakker krans på hovudet dittog gjev deg ei strålande krone.»
10 Høyr etter, son, ta imot mine ord,så blir dine leveår mange.
11 Visdoms veg lærer eg degog fører deg på dei rette stigar.
12 Når du går, skal ingenting hindra foten,når du spring, skal du aldri snubla.
13 Hald fast ved formaninga, slepp henne ikkje,ta vare på henne, for ho er ditt liv.
14 På stigen åt urettferdige må du ikkje gå inn,følg ikkje vegen dei vonde går!