6 Ho banar seg ikkje ein veg som gjev liv,ho vinglar vegvill, men veit det ikkje.
7 Og no, høyr på meg, mine søner,vik ikkje av frå dei orda eg talar!
8 Lat vegen din vera langt frå henne,kom ikkje nær til hennar dør!
9 Elles må du gje di kraft til andre,dine år til ein nådelaus herre.
10 Andre får metta seg av det du eig,det du vann med ditt strev, går til framand manns hus.
11 Så må du stønna når slutten kjem,når din kropp og ditt kjøt tærest bort
12 og du må seia: «Korleis kunne eg hata formaningog hjartet mitt forakta ord som viste til rette!