15 Difor kjem ulukka brått over han,med eitt blir han knust og kan ikkje lækjast.
16 Seks er dei ting som Herren hatar,og sju har han avsky for:
17 hovmodige auge og svikefull tunge,hender som auser ut skuldlaust blod,
18 eit hjarte som legg vonde planar,raske føter som spring etter vondt,
19 det falske vitnet som fer med løgn,og den som skaper strid mellom brør.
20 Son min, hald fast på boda som far din gav deg,forkast ikkje rettleiing frå mor di!
21 Bind dei alltid til hjartet ditt,knyt dei om halsen!