18 eit hjarte som legg vonde planar,raske føter som spring etter vondt,
19 det falske vitnet som fer med løgn,og den som skaper strid mellom brør.
20 Son min, hald fast på boda som far din gav deg,forkast ikkje rettleiing frå mor di!
21 Bind dei alltid til hjartet ditt,knyt dei om halsen!
22 Når du går, skal dei leia deg,når du ligg, skal dei verna deg,og når du vaknar, skal dei tala til deg.
23 For bodet er ei lykt og rettleiinga eit lys,formaning og tilrettevising er vegen til livet.
24 Dei skal verna deg mot ei vond kvinne,mot den sleipe tunga til ei framand kvinne.