26 Ei hore kan du få for ein brødleiv,men ei kvinne som høyrer ein annan til,driv jakt på eit dyrebart liv.
27 Kan ein sanka glør i fangetutan at kleda tek til å brenna?
28 Eller kan ein gå på glødande kolutan at føtene blir svidde?
29 Slik går det med densom går inn til ein annan manns kone.Ingen som rører henne,kjem ustraffa frå det.
30 Ingen foraktar ein tjuvnår han stel for å stilla svolten.
31 Men blir han gripen, må han bøta sjudobbelt,han må gje frå seg alt det han har i huset.
32 Vitlaus er den som driv hor med ei kvinne,slikt gjer berre den som vil øydeleggja livet sitt!