10 Då kjem kvinna imot han,kledd som ei hore, med listig hjarte.
11 Rastlaus er ho, og ustyrleg,heime har føtene inga ro.
12 Snart er ho på gata og snart på torget,ved kvart eit gatehjørne står ho på lur.
13 Ho tek tak i han og kysser han,med ei frekk mine seier ho:
14 «Eg hadde lova å bera fram eit fredsoffer,i dag har eg halde lovnaden min.
15 Difor gjekk eg ut for å møta deg,eg leita etter deg og fann deg.
16 Eg har lagt teppe på senga mi,fargerikt lin frå Egypt,