15 Difor gjekk eg ut for å møta deg,eg leita etter deg og fann deg.
16 Eg har lagt teppe på senga mi,fargerikt lin frå Egypt,
17 og over leiet har eg strøddmyrra, aloe og kanel.
18 Kom, lat oss drikka djupt av kjærleiken,fryda oss i elskhug til morgonen gryr.
19 For mannen min er ikkje heime,han er ute på langferd.
20 Pengepungen tok han med seg,først ved fullmåne kjem han heim.»
21 Ho overtala han etter beste evne,med glatte lepper forførte ho han.