17 og over leiet har eg strøddmyrra, aloe og kanel.
18 Kom, lat oss drikka djupt av kjærleiken,fryda oss i elskhug til morgonen gryr.
19 For mannen min er ikkje heime,han er ute på langferd.
20 Pengepungen tok han med seg,først ved fullmåne kjem han heim.»
21 Ho overtala han etter beste evne,med glatte lepper forførte ho han.
22 Han følgjer etter henne med det same,lik ein okse dei fører til slakting,lik ein hjort som går rett i fella,
23 til pila borar seg inn i levra.Han liknar fuglen som flyg mot snara,han skjønar ikkje at det gjeld livet.