21 Ho overtala han etter beste evne,med glatte lepper forførte ho han.
22 Han følgjer etter henne med det same,lik ein okse dei fører til slakting,lik ein hjort som går rett i fella,
23 til pila borar seg inn i levra.Han liknar fuglen som flyg mot snara,han skjønar ikkje at det gjeld livet.
24 Så høyr no på meg, søner,lytt til orda frå min munn!
25 Lat ikkje hjartet venda seg til hennar vegar,villa deg ikkje inn på stigane hennar!
26 For ho har gjeve banesår til mange,talrike er dei ho har felt.
27 Huset hennar er vegen til dødsriket,ned til dødens salar.