7 Då såg eg han blant dei urøynde,la merke til han mellom dei unge,ein ung mann utan forstand.
8 Han gjekk over gata ved hennar hjørneog styrte stega mot huset hennar.
9 I skumringa var det, om kvelden,då nattemørkret fall på.
10 Då kjem kvinna imot han,kledd som ei hore, med listig hjarte.
11 Rastlaus er ho, og ustyrleg,heime har føtene inga ro.
12 Snart er ho på gata og snart på torget,ved kvart eit gatehjørne står ho på lur.
13 Ho tek tak i han og kysser han,med ei frekk mine seier ho: